Å bli veganer er egentlig ingen sak, det er berre å kutteall melk, alt kjøtt, all fisk og kylling og alt av egg. Ok, no har eg eliminert stort sett alle hovedingrediensene i kostholdet til den gjennomsnitlige nordmann. Kva står eg igjen med? Utallige muligheiter!
Det fins mange grunnar til å bli veganer, nokon gjer det på grunn av at dei ønsker ein helsemessig gevinst, nokon fordi dei er dyreaktivistar som ikkje ønsker å spise noko fra dyr, og eit fåtall er alergisk mot desse produkta. Det vil da sei meg.
For rundt fem år sidan vil eg tru det er, oppdaga eg at eg var alergisk mot alle dei produkta som eg har nemd over. Difor måtte eg endre livsstilen min fullstendig. Dette førte til fleire turar inn og ut hos legen på grunn av svekka immunforsvar og manglar i blodet.
Ei veninde har i dag bestemt seg for å prøve å bli veganer, difor lagar eg no denne bloggen for å hjelpe ho og kanskje andre som treng det.
Dei første dagane som veganer går normalt sett bra, ein spis det ein tenker vil gjere ein mett, gjerne salat og poteter eller ris, men i lengda vil ein merke at humøret fell og det samme gjer apetitten og vekta(dette er ikkje i alle tilfeller, men i mange).
Grunnen til dette er at kroppen behøver eit variert kosthald for å virke, sjølv om ein ikkje spis kjøtt og melk. For å variere kosthaldet og unngå desse problema, så er det greit å kjenne til Soya melk med clasium(for dei som ikkje liker den, så er rismelka veldig god), avokado er viktig for å få i seg fett, brokkoli og andre grønnsaker med jern er veldig viktig, protein får ein for eksempel fra couscous og fiber er fra den normale kilda: korn produkter. Men det er en mangel som er vanlig hos veganere: B12. Denne vitaminen kan du finne i ei drikke som heiter Vitamin WellCare eller i SjokoladeSoyamelk.
Eg vil skrive meir seinare, no må eg rekke eit kvalpe kurs :)
Lykke til ;)
(open for etterspørsel på oppskrifter, har det meste)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar